10/06/2023 | Press release | Distributed by Public on 10/06/2023 01:08
Statsbudsjettet 2024
PressemeldingarPressemelding | Dato: 06.10.2023| Kunnskapsdepartementet
Regjeringa vil sikre tilgang til høgare utdanning i heile landet, og styrkar finansieringa av fleircampusinstitusjonar. Rammeløyvinga blir auka med 200 millionar kroner til desentralisert og fleksibel utdanning.
I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at ho ville
- No leverer vi på eit viktig løfte i regjeringsplattforma og styrker finansieringa av institusjonar med fleire campus. Det er meir kostbart å drifte eit universitet eller høgskule med fleire campus. For å sikre at vi har høgare utdanning i heile landet er det eit viktig grep å styrke finansieringa av desse institusjonane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).
Målet er å tilby utdanning av høg kvalitet, der folk bur.
- For å møte behova for kompetanse i heile Noreg, er det avgjerande at vi har eit tilbod om høgare utdanning i heile landet. Ved å sikre ei god finansiering av fleircampusinstitusjonane bidreg vi til å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire. Skal vi dekke kompetansebehova må også dei som ikkje kan flytte for å studere kunne ta høgare utdanning, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til universiteta og høgskulane på 200 millionar kroner til desentralisert og fleksibel utdanning. Midlane blir fordelte etter ulike kriterium: i kor stor grad campusane når ut til ein del av befolkninga med dårleg tilgang til høgare utdanning, og i kor stor grad institusjonane tilbyr fleksibel og desentralisert utdanning utanfor dei faste campusane. Løyvinga skal gje rammevilkår som gjer det mogleg å utvikle regionale studietilbod vidare.
For å styrke det regionale tilbodet ytterlegare, foreslår regjeringa å løyve 8 millionar kroner for å etablera ein campus på Gol. Universitetet i Søraust-Noreg vil etablere eit permanent høgare utdanningstilbod for å møte behova i regionen.
Regjeringa foreslår også 3 millionar kroner til Høgskulen i Innlandet for å styrke forskingsaktiviteten ved høgskulesenteret i Kongsvinger, og gjer ei løyving til og 20 studieplassar i vernepleie.
Regjeringa avviklar den søknadsbaserte ordninga i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, der universiteta og høgskulane kunne søke om tidsavgrensa midlar til fleksibel og desentralisert utdanning.
- Med desse grepa gir vi meir tillit og ansvar til universiteta og høgskulane, i tråd med tillitsreforma til regjeringa i høgare utdanning. Eg er overtydd om at institusjonane sjølve er dei beste til å prioritere ut frå lokale behov. No kan dei bruke meir av midlane til utdanning, og mindre til administrasjon, seier Sandra Borch (Sp).