10/31/2024 | Press release | Distributed by Public on 10/31/2024 02:11
Om lag 40 000 personar er anslått sakna i Ukraina. FNs barnefond rapporterer at mange tusen barn er tvangsdeporterte sidan Russland sin fullskalainvasjon i 2022. Utanriksminister Espen Barth Eide deltek denne veka på ein ministerkonferanse i Canada om Ukraina og frigiving og retur av deporterte barn, sivile fangar og krigsfangar. Noreg gir i samband med dette nye bidrag til arbeidet, i regi av Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) og FNs barnefond (UNICEF) i Ukraina, på totalt 80 millionar kroner.
Midlane går mellom anna til arbeidet med forsvunne personar, deporterte barn, sivile fangar og krigsfangar.
- Vern av barn er ein heilt sentral del av Noreg sin humanitære politikk og blir høgt prioritert i støtta vår til Ukraina. Det er hjarteskjerande at tusenvis av ukrainske barn er blitt tvangsdeporterte sidan Russland starta krigen. UNICEF speler ei sentral rolle i arbeidet med å reintegrere dei barna som kjem heim att. ICRC har på si side eit heilt unikt mandat knytt til krigsfangar og arbeid med sakna personar, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
- Vi er svært bekymra for konsekvensane av Russland si brutale krigføring i Ukraina, spesielt for sivile og barn, som per definisjon er uskuldige. ICRC og UNICEF gjer ein svært viktig innsats for å verne sårbare menneske ramma av krigen. Vi aukar derfor støtta til desse organisasjonane sitt arbeid i Ukraina, seier utanriksministeren.
Canada, Ukraina og Noreg har teke initiativet til konferansen. Den set søkjelys på den menneskelege dimensjonen av president Zelenskyj sin fredsformel for Ukraina. Hovudformålet med konferansen er å oppnå fleire konkrete resultat i arbeidet med registrering og frigiving av vilkårlege sivile, inkludert barn, som er tatt til fange samt krigsfangar frå Ukraina, og betre bistanden til desse.
- Det er eit hovudmål for Noreg å fremje respekt for internasjonal humanitærrett. Respekt for krigsfolkeretten forhindrar krigsbrotsverk, reduserer lidinga til uskuldige menneske og sikrar at humanitær hjelp når dei som treng det mest. Vi er svært bekymra over at Russland gir liten eller ingen tilgang til ICRC i russisk-kontrollerte område. Det gjer det bortimot umogleg for dei å sjå til at humanitærretten blir følgd, seier utanriksministeren.
Under den nylege reisa si til Kyiv besøkte utanriksministeren eit mottak for tvangsdeporterte barn som har blitt returnerte til Ukraina. Der trefte han fleire ukrainske organisasjonar for å lytte, lære og forstå kva Noreg kan gjere for å oppnå framdrift i arbeidet om frigiving og retur av deporterte barn, sivile fangar og krigsfangar. Desse sentera skal sikre barna sitt beste når dei returnerer slik at dei ikkje blir ytterlegare traumatiserte. For barn som returnerer er det nødvendig å ha eit godt system som varetek dei på ein god måte. Ukraina sitt sivile samfunn speler ei svært viktig rolle i dette arbeidet.
Noreg har bidrege med i underkant av 8 milliardar kroner i humanitær nødhjelp til Ukraina sidan Russland sitt fullskalaangrep på landet i februar 2022. Dette inkluderer ei støtte på om lag 2,55 milliardar kroner for 2024. Den nye støtta til ICRC og UNICEF er del av denne totalramma. Den norske humanitære støtta er ein del av Nansen-programmet for Ukraina.
President Zeleskyi sin fredsformel for Ukraina (UPF) har ti punkt med tilhøyrande arbeidsgrupper. Noreg er medformann i Arbeidsgruppe 4 (WG4) saman med Canada og Ukraina. Gruppa blei lansert den 26.februar 2024. Det er Ukraina som har hovudansvaret for å drive arbeidet til gruppa framover. Noreg og Canada har ei viktig rolle saman med ombodspersonen for menneskerettar i Ukraina.
Arbeidsgruppe 4 er ei diplomatisk plattform dedikert til identifisering og lauslating av ulovleg deporterte barn, sivile fangar og krigsfangar i Russland og russisk-okkuperte område. Hovudformålet med gruppa er å vere ei plattform for utveksling av informasjon, erfaringar og koordinering av aktivitetar mellom land, internasjonale organisasjonar og sivilt samfunn.
Arbeidsgruppa legg i samband med konferansen fram ein handlingsplan for det vidare arbeidet.