08/28/2024 | Press release | Distributed by Public on 08/28/2024 04:13
Pressemelding | Dato: 28.08.2024| Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa og Larvik kommune skreiv i dag under på ein avtale om områdesatsing i bydelen Torstrand. Områdesatsingane er ein del av regjeringa si politikk for å utjamne sosial skilnad og levekårsutfordringar.
− For skape gode levekår og inkluderande lokalsamfunn i byar og byområde, må stat og kommune jobbe saman. Eg er glad for at vi utvidar samarbeidet om områdesatsingar til fleire byar, og har tru på at dette vil løfte lokalsamfunna og få fleire til å delta, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Det var statssekretær Sigrun Wiggen Prestbakmo i Kommunal- og distriktsdepartementet som underteikna avtalen med Larvik på vegne av regjeringa.
Larvik vil prioritere tiltak innanfor bustad-, bumiljø og oppvekstvilkår, arbeid, skule og fritid, møteplassar og førebygging av kriminalitet.
- Å få områdemiddel for Torstrand er kjærkomne middel, som vil kome godt med i utviklinga av denne spanande bydelen. Pengane skal brukast i tett samarbeid med nærmiljøet, og gjer det mellom anna mogleg å tilsette ein prosjektleiar, seier ordførar Birgitte Gulla Løken.
− Gode og inkluderande nærmiljø skaper tryggleik og nettverk som aukar sjansen for deltaking i samfunnslivet. Eg er derfor glad for at vi kan bidra med pengar og nettverk som gir Larvik kommune eit større handlingsrom til å ta hand om utfordringane dei har, seier kommunal- og distriktsminister Sande.
Fakta om områdesatsing