05/11/2023 | Press release | Distributed by Public on 05/11/2023 02:49
- Alle skal få delta i kultur- og fritidsaktivitetar, uavhengig av kven dei er, kor dei bur eller kor stor lommeboka er. Derfor har vi no prioritert ei rekke små og store tiltak som bidrar til meir aktivitet i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Auka på kultur- og likestillingsbudsjettet er på heile 642 millionar kroner. Ein stor del av dette er ekstraordinær kompensasjon for lønns- og prisvekst.
Det betyr at alle som mottek fast støtte frå Kultur- og likestillingsdepartementet blir kompensert fullt ut for forventa lønns- og prisvekst i 2023 - totalt 462 millionar kroner.
Regjeringa foreslår blant anna:
- Med dette reviderte budsjettet veit vi at mange av dei som får støtte frå oss får litt lågare skuldrer. Etter nokre krevjande år, med pandemi, krig i Europa og høg prisstiging har vi no eit større handlingsrom, og kan bidra til enno meir verdiskaping innan kultur, idrett og frivilligheit, seier Trettebergstuen.