Government of Norway

10/25/2024 | Press release | Distributed by Public on 10/25/2024 06:05

Utanriksministeren deltek på Nato sin klima og tryggingskonferanse og konferanse om den ukrainske fredsformelen

Møtene blir halde 30.-31. oktober i Montreal, Canada.

Onsdag deltek utanriksminister Espen Barth Eide på «Montral Climate Security Summit», som blir arrangert av «NATO Climate Change and Security Centre of Excellence». Målet med konferansen er å etablere eit årleg samlingspunkt for ekspertise på klima og tryggleik framover. Tema er omstillinga som Nato og allierte står overfor som ein konsekvens av klimaendringar.

Onsdag ettermiddag og torsdag er utanriksministeren medarrangør av «Ministerial Conference on the Human Dimension of Ukraine's Peace Formula». Konferansen byggjer arbeidet som er gjort på frigiving og retur av deporterte barn, sivile fangar og krigsfangar.

Utanriksministeren skal halde ein av opningstalane, og dessutan leie ein debatt om human og rettferdig behandling av ukrainarar som er tatt til fange.

Utanriksministeren vil vere tilgjengeleg for kommentarar til norsk presse.

Pressekontakt Cecilie Skjennald (med på reisa) : [email protected], telefon +4792831858