Norwegian Meteorological Institute

10/12/2023 | News release | Distributed by Public on 10/12/2023 05:08

Iskantsonen – Meir enn kva det blotte auge ser

Iskantsonen - Meir enn kva det blotte auge ser

12.10.2023

Iskantsonen er eit heitt politisk tema som ofte er oppe til diskusjon. Vi snakkar om utvinningstillatingar, fiskeriaktivitet og no dei siste åra om ein auka aktivitet i nordlege delen av kloden. Det er og ein klar forventa vekst i blå økonomi framover i Noreg.

No inviterer Arven etter Nansen-prosjektet deg inn til å få eit innblikk over Barentshavet og Polhavet. Kva er det med området som er så spesielt at vi lager til eit grunnlag for framtidig forvaltning?

- I to timar skal vi prøve å komprimere 6 år med forsking frå over 300 forskarar som har publisert nesten 200 vitskaplege artiklar, og gi deg ein liten smakebit. Det er mange timar med forsking og resultat! Vi er ikkje Noregs største samarbeidsprosjekt for utan grunn, Seier Charlotte Stark, kommunikasjonsansvarleg i prosjektet.

Ho peikar og på at dei forskar på alt mellom himmel og jord, alt i frå satellitt til havbotn.

Forskarar veit at ein treng kunnskap, gode reguleringar og forvaltning om Barentshavet for at vi skal kunne ta vare på det på best mogleg måte.

- Forskarane har gjennom desse åra sett betydelege klimaendringar i Polhavet, observert ein vinterhavis i endring og sett at interessa for å auka menneskeleg aktivitet i område er stor, fortel ho.

Har du lyst til å delta for å sjå korleis det heng saman, så er du velkomen til Tallhall, Meteorologisk institutt 19. oktober kl. 14:00 - 16:00.

Meld deg gjerne på her: https://forms.gle/CQyTVVRUFTkHvqg27, det er begrensa med plassar.