Government of Norway

06/14/2024 | Press release | Distributed by Public on 06/14/2024 05:14

Nytt åremål for direktør Per-Arne Horne i Direktoratet for byggkvalitet

Per-Arne Horne (63) er i statsråd i dag utnemnd som direktør for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Han blei utnemnd som direktør for DiBK i oktober 2018, og har no fått fornya åremålet i seks nye år.

Samfunnsoppdraget til DiBK er å bidra til at det blir bygd sikre, miljøvenlege og tilgjengelege bustader og bygg, og til at krava til byggverk blir følgde.

-- Per-Arne Horne er ein solid og framtidsretta leiar med stort engasjement for bygningspolitikken. Med han ved roret, er eg trygg på at DiBK vil halde fram med å forenkle og digitalisere regelverk og byggjeprosessar, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Per-Arne Horne har lang fartstid frå Plan- og bygningsetaten i Oslo før han starta som direktør i DiBK i 2018.