Government of Norway

11/01/2024 | Press release | Distributed by Public on 11/01/2024 11:47

Statsministerens program veke 45

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 2. november

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer hangarskipet USS «Harry S. Truman» i Oslo. Sjå fleire detaljar i pressemelding frå Forsvaret.

Ved pressespørsmål, kontakt Forsvarets pressevakt på telefon 91 66 99 55 eller e-post: [email protected].

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post [email protected].

Måndag 4. november

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post [email protected].

Torsdag 7. november

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på toppmøtet i Det europeiske politiske fellesskapet (EPC) i Budapest i Ungarn. Presse som ønskjer å dekkje møtet må akkreditere seg på denne nettsida (sjå under Press information) innan 3. november.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post [email protected].

Fredag 8. november

Kl. 12.10: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga, får ei omvising og held ei gjesteførelesing på nye Campus Kristiansund. Adresse: Fosnagata 12, Kristiansund.

Presskontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post [email protected].