Government of Norway

08/30/2024 | Press release | Distributed by Public on 08/30/2024 06:03

Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 36

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 2. september

Kl. 09.45: Energiminister Terje Aasland inviterer til samarbeidsforum for havvind. I møtet skal dei tre arbeidsgruppene under Samarbeidsforum presentere arbeidet dei har gjort sidan sist møte. Møtet går føre seg hjå Statnett. Adresse: Nydalen allé 33, Oslo.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 09.30. Etter møtet, om lag kl. 12.30, er deltakarane tilgjengelege for presse. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].

Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.

Fredag 6. september

Energiminister Terje Aasland er i Helsingfors, der han skal ha eit bilateralt møte med den finske energiministeren.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].