Norwegian Meteorological Institute

10/28/2024 | News release | Distributed by Public on 10/28/2024 02:28

Når kjem den første snøen

Når kjem den første snøen?

28.10.2024

Har du kjent på den første snøen i år, eller lengtar du etter den? Første snøfall varierer mykje frå år til år, uansett kor du bor.

Men den kjem. Stort sett overalt.

Den første snøen blir svært sjeldan liggande. For at det skal skje, bør snittemperaturen ligge under null grader gjennom døgnet. Endring i klima har også litt å seie.

For at det skal reknast som vinter, i meteorologisk forstand, må snittemperaturen gjennom døgnet vere under null grader i vintermånadene. Kyststrok i sør og vest har difor ikkje vinter. Men dei kan likevel få snøvêr og kalde periodar.

Endring i klima gir færre dagar med snø

Vi ser ei tydeleg endring i dagar med snøfall når vi samanliknar dei to siste normalperiodane.

- Klimaet har endra seg, det har blitt varmare og det gir færre dagar med snø fleire stadar. Både Tromsø og Oslo mistar i snitt ti dagar med snø i året. Det er mye, seier klimaforsker Karianne Ødemark.

Tidlegare undersøkingar viser at vinteren blir kortare, men òg våtare. Der det er kaldt og minusgradar kjem denne nedbøren som snø. Nokre stadar får difor uendra eller fleire dagar med snø. Det siste gjeld spesielt i fjelltraktane.

- Kautokeino får fleire dagar med nysnø enn før. Sjølv om temperaturen auker, så er det kaldt nok til at auka nedbør kjem som snø i Kautokeino, forklarar Ødemark.

Kor mange færre dagar med snø får vi?

Med utgangspunkt i eit gjennomsnitt over perioden 1990-2023, kan vi seie når den første snøen troleg fell på utvalde plassar i landet. Du kan også sjå kor mange dagar med snø som forsvinn på desse stadane.

Tromsø
I Tromsø kan snøen kome tidleg på hausten. Her har det blitt målt snø sidan 1895. I snitt kjem første snøen i Tromsø 17. oktober.

I 1973 kom snøen allereie 11. september.

I snitt vil vinteren i Tromsø bringe med seg 73 døgn med snøfall. Det er ti dager mindre enn i forrige normalperiode. Da var det 83 dagar med snø.

Trondheim
I Leinstrand ved Trondheim fall den første snøen så tidleg som 28. september i 1966. Inne i Trondheim sentrum fall den første snøen 2. oktober i 1916.

I snitt er første snøfall 11. november i Trondheim.

Vinteren i Trondheim har 37 døgn med snøfall etter normalen. Det er 6 mindre enn i forrige normalperiode. Og det er færre enn i Oslo.

Oslo
I Oslo er tidlegaste registrerte snøfall 12. oktober i 1926. Seinaste registrerte første snøfall er 27. januar. Det skjedde i vintersesongen 1929-1930.

I snitt kjem den første snøen 15. november. Noko tidlegare i Nordmaka. På Bjørnholt er gjennomsnittleg første snøfall 2. november.

Oslo kan no forvente 35 døgn med snøfall gjennom ein vinter no. Det er ti mindre enn i forrige normalperiode. Da hadde Oslo 45 døgn med snøfall.

Bergen
Meteorologisk sett har Bergen, saman med store delar av kyststrøka i Noreg, faktisk aldri vinter. Det er fordi snittemperaturen for eit døgn ikkje fell under null grader i vintermånadene. Men det betyr ikkje at det aldri kjem snø, for det kan bli kaldt her òg.

Flesland ved Bergen har tidlegaste registrerte snøfall den 13. oktober i 1971. I sentrum av Bergen er tidlegaste første snøfall målt den 15. oktober i 1905.

I snitt kjem den første snøen til Bergen den 6. desember.

Normalt sett er det 11 døgn med snøfall her. Det er seks mindre enn i forrige normalperiode, kor det var 17.

Nokre fleire stadar

  • Asker
    Den første snøen kjem til Asker 5. november. Asker kan forvente 46 døgn med snøfall gjennom ein vinter. Det er seks dagar mindre enn i forrige normalperiode med 52.
  • Bodø
    På Kjærringøy ved Bodø kjem snøen 21. oktober. Målestasjonen har målingar i berre åtte sesongar, mellom 1990 og 2020. Mens Styrkesnes - Hestvika som ligg i nærleiken få første snøen den 1. november. Bodø kan forvente 51 døgn med snøfall gjennom ein vinter. Det er 11 dagar mindre enn i forrige normalperiode med 62.
  • Hobøl
    I Hobøl er det 10. november den første snøen fell. Hobøl kan forvente 32 døgn med snøfall gjennom ein vinter. Det er fire dagar mindre enn i forrige normalperiode med 36.
  • Kautokeino
    I Kautokeino viser snittet at første snøfall er 9. oktober. Målestasjonen har målingar frå 1996-2023. Kautokeino kan forvente 100 døgn med snøfall gjennom ein vinter. Det er 16 dagar mer enn i forrige normalperiode med 100.
  • Lunner
    I snitt får Lunner sitt første snøfall 31. oktober. Lunner kan forvente 54 døgn med snøfall gjennom ein vinter. Det er likt antall som i forrige normalperiode.
  • Risør
    I Risør kjem snøen 27. november. Risør kan forvente 19 døgn med snøfall gjennom ein vinter. Det er 11 dagar mindre enn i forrige normalperiode med 30.
  • Røros
    På Røros kjem den første snøen 17. oktober. Røros kan forvente 90 døgn med snøfall gjennom ein vinter. Det er fire dagar mindre enn i forrige normalperiode med 94.
  • Sandnes
    I Sandnes viser snittet at snøen kjem den 10. desember. Målestasjonen har målingar frå 1990-2019. Sandnes kan forvente 14 døgn med snøfall gjennom ein vinter. Det er sju dagar mindre enn i forrige normalperiode med 21.
  • Ukkestad
    I Ukkestad i Nannestad kjem den første snøen 6. november. Ukkestad kan forvente 43 døgn med snøfall gjennom ein vinter. Det er ni dagar mindre enn i forrige normalperiode med 52
  • Øvre Neiden
    Det første snøfallet i Øvre Neiden i Sør-Varanger er 19. oktober. Målestasjonen har målingar frå 2011-2020 og har difor ikkje veldig mange år med data. Øvre Neiden kan forvente 78 døgn med snøfall gjennom ein vinter. Det er en dag mindre enn i forrige normalperiode med 79.


Se også
Vinteren blir kortere
Klimaendringene krymper vinteren

Kontakt oss

Klimaforsker Karianne Ødemark
T.: 93290007
E-post: [email protected]

Om dataene

Desse snødataene er utrekna med data om nysnø frå seNorge. Desse målingane går tilbake til 1957. Vi har sett på snittet av dagar med snø i perioden 1961 til 1990, og 1991 til 2020. Differansen viser kor mange færre eller fleire dagar med snø det er no, samanlikna med før.