Ministry of Culture and Equality of the Kingdom of Norway

06/17/2024 | Press release | Distributed by Public on 06/17/2024 06:51

566 millionar kroner til den frivillige beredskapen i 2024

566 millionar kroner til den frivillige beredskapen i 2024

Pressemelding | Nr: 31/24 |Dato: 17.06.2024| Kultur- og likestillingsdepartementet

Redningsselskapet, Røde Kors og Norsk Folkehjelp mottek samla 566 millionar kroner til frivillig nasjonal beredskap frå Norsk Tippings overskot frå 2023. Dette er ei auke på 48 millionar kroner frå i fjor.

- Kvar einaste dag gjer Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Redningsselskapet ein uvurderleg innsats for vår felles tryggleik gjennom redningsoppdrag, leiteaksjonar og anna støtte over heile landet. Lokale frivillige kan raskt stille opp når hendingar oppstår og er difor sentrale i vår nasjonale beredskap, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Frå og med tildelingsåret 2018 vart fordelinga av Norsk Tippings speloverskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar lagt om basert på objektive kriterier. Ordninga skal bidra til å sikre viktige samfunnsoppgåver som store landsdekkende organisasjoner utfører på områda helse, sosiale tenester, krisehjelp og støttearbeid, pluss natur-, miljø- og dyrevern.

Ordningen skal i tillegg sikre at sentrale rednings- og vernebuingsoppgåver vidareførast.

Stortinget har difor gjeve tilslutning til at Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp skal sikrast ein årleg fast del av midla. Desse tre organisasjonane utfører oppgåver som er sentrale for norsk redning og beredskap. Andre organisasjoner må søkje. Søknadsfristen er 1. september.

Tildeling fordelt på organisasjonane:

Mottaker

Tildeles 2024 (overskudd 2023)

Norges Røde Kors

334 395 690

Redningsselskapet

206 351 771

Norsk Folkehjelp

25 397 141

Totalt

566 144 602

Midlene utbetalast i løpet av juni.