Government of Norway

12/04/2024 | Press release | Distributed by Public on 12/04/2024 08:13

Egypts president på offisielt besøk i Noreg

Måndag 9. desember er Egypts president Abdel Fattah Al Sisi på offisielt besøk i Noreg, og møter mellom anna statsminister Jonas Gahr Støre.

Kl. 10.15: Statsministeren møter Egypts president Abdel Fattah Al Sisi, til samtalar i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Presse som ønskjer kan ta foto ved ankomst.

Kl. 10.30: Statsministeren og presidenten er til stades under signeringa av ein samarbeidsavtale mellom Noreg og Egypt, og signering av avtalar mellom norske Scatec og egyptiske og internasjonale samarbeidspartnarar om utbygging av grøn energi i Egypt. Det er høve til å ta foto under signeringa.

Kl. 10.45: Statsministeren og presidenten med delegasjonar har eit bilateralt møte. Det er høve til å ta foto ved starten av møtet.

Fotografar som ønskjer å vere til stades må melde seg til [email protected] innan fredag 6. desember kl. 14.00.

Oppmøte seinast kl. 09.30 i Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig id.

Kl. 12.30: Statsministeren er tilgjengeleg for presse i samband med besøket. Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på til [email protected] innan fredag 6. desember kl. 14.00.

Oppmøte seinast kl. 12.00 i Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].