11/22/2024 | News release | Distributed by Public on 11/22/2024 04:56
Nyheit | Dato: 22.11.2024 | Forsvarsdepartementet
- Ukraina har eit akutt og vedvarande behov for militær støtte i møte med den russiske åtakskrigen. Regjeringa foreslår å auka ramma for den militære støtta til Ukraina for å mellom anna leggja til rette for donasjon av meir luftvern og støtte med reservedelar og våpen til F-16, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp)
Regjeringa legg opp til å auka støtta til Ukraina utover det som var lagt til grunn for Nansen-programmet etter behandlinga av revidert nasjonalbudsjett i juni. Dette er i tråd med statsministerens orientering til Stortingets parlamentariske leiare i august. Auken skal mellom anna leggja til rette for donasjonar av meir luftvern, styrka F-16 donasjonane med mellom anna våpen og reservedelar og donasjon av relevant teknologi.
- Vi vil fortsette å støtte Ukraina med midlar og militært materiell både no og i åra som kjem. Vi vurdera fortløpande korleis vi kan støtte Ukraina på best måte. Ukraina skal ikkje stå aleine, seier forsvarsministeren.
Regjeringa skal blant anna nytta midlane til donasjon av meir luftvern i ei internasjonal ramme og kjøp av materiell knytt til F-16 donasjonen gjennom den amerikanske JUMPSTART-mekanismen.
Auka som er foreslått i 2024 kommer i tillegg til auka i Nansen-programmet som regjeringa har foreslått frå 2025.
Tilskot til internasjonale samarbeidstiltak og finansieringsordningar
Forsvarsdepartementet har ulike tilskot som del av den militære støtta i Nansen-programmet for Ukraina. Gitt Stortinget sin tilslutning til forslaget, planlegg regjeringa å tildela tilskot for om lag 10 milliardar kroner i 2024.
I proposisjonen kjem det mellom anna fram at Noreg vil gje eit tilskot på 20 millionar kronar til utvikling og kjøp av IT- og kommunikasjonsløysingar for det ukrainske forsvaret og forsvarsdepartementet. Tilskotet gis til gjennom den internasjonale IT-koalisjonen til støtte for Ukraina.
For fleire detaljar, sjå sjølve proposisjonen her.
Regjeringa legg i denne proposisjonen fram forslag om naudsynte endringar av løyvingane under Forsvarsdepartementet, for å skapa best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan budsjettet vart vedtatt.
Det totale forsvarsbudsjettet er, etter regjeringas forslag, på over 102 milliardar kroner. Samanlikna med budsjettproposisjonen er det den ekstra støtta til Ukraina (3,5 milliardar) og åtte millionar kroner i tilskot til Gladiator (Lenke til egen nettsak) som aukar budsjettet.