The Office of the Prime Minister of Norway

11/28/2024 | Press release | Distributed by Public on 11/28/2024 13:30

Regjeringa heidra den norske innsatsen i OL og Paralympics

Torsdag 28. november markerte regjeringa den norske innsatsen under dei olympiske og paralympiske leikane i sommar, med ei mottaking for utøvarar, trenarar og støtteapparat.

- Dette er blant verdas beste utøvarar og verdas beste støtteapparat. Vi var mange som blei imponert over innsatsen under OL og Paralympics i sommar, og vi vil gjerne vise dei at vi set pris på dei opplevingane dei har gitt oss, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

- Vi må hugse at toppidrett er så veldig mykje meir enn det å stå på pallen og skine. Det er dag etter dag med trening, blodslit og lite tid med familie og vennar, som av og til vert løna med ein siger. Derfor er det alltid hyggeleg å få samle utøvarar og støtteapparat og gjere litt ekstra stas på dei, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Rundt 100 utøvarar, trenarar, leiarar og andre som hadde ei rolle i Paris var til stades. Mottakinga vart halde i regjeringa sin representasjonsbustad i Parkveien 45.