Ministry of Culture and Equality of the Kingdom of Norway

06/20/2024 | News release | Distributed by Public on 06/20/2024 02:11

Endringar i lovar og forskrifter frå 1. juli frå Kultur- og likestillingsdepartementet

Endringar i lovar og forskrifter frå 1. juli frå Kultur- og likestillingsdepartementet

Nyheit | Dato: 20.06.2024| Kultur- og likestillingsdepartementet

Oversyn over regelendringar frå 1. juli på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt ansvarsområde.

Endringar i lov om likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudslova)

Endringane presiserar ordlyden i diskrimineringsombodslova § 7 andre ledd slik at det kjem fram av føresegna at Diskrimineringsnemda ikkje skal handheva likestillings- og diskrimineringslovens forbod mot diskriminering, trakassering og seksuell trakassering i familieliv og andre reint personlege forhold. Endringane trer i kraft 1.7.2024.

Endringar i lov om likestilling og forbod mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringslova)

Endringane presiserar at arbeidstakarar som er omfatta av skipsarbeidslova, har same vern etter likestillings- og diskrimineringslova §§ 10 og 33 som arbeidstakarar som er omfatta av arbeidsmiljølova. Endringane trer i kraft 1.7.2024.