Government of Norway

07/02/2024 | Press release | Distributed by Public on 07/02/2024 02:10

21 nye millionar kroner i bustadtilskot til distrikta

- Tilskota til distrikta skal sikre fleire nye bustader, seier kommunal- og distriktsministar Erling Sande (Sp).

Tilskot til bustadtiltak i distrikta

Mange distriktskommunar har små bustadmarknader med låg omsetjing av bustader og lite nybygging. Tilskotet skal gå til utvikling av nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel som bidreg til auka tilgang på eigna bustader i distriktskommunar.

Husbanken skriv at dei har fått 57 søknader. Av desse har Husbanken og Distriktssenteret valt ut 25 prosjekt som får støtte.

-Husbanken sitt tilskot til bustadtiltak i distrikta fremjar prosjekt som skal auke busetting og tilflytting. Det er eit viktig mål for Senterpartiet og Arbeidarpartiet å sikre folk gode bustadar i heile Noreg. Dette er eit viktig bidrag i det arbeidet, seier Sande.

Døme på prosjekt som har fått tilskot er mellom anna eit prøvebu-prosjekt i Sjåk, eit berekraftig bustadutviklingsprosjekt i Evenes kommune. To ulike pilotar for bygdevekst i Finnmark har fått tilskot til sine prosjekt: Hammerfest kommune har fått tilskot til eit felles saksbehandlingskontor for startlån for bygdevekstpilotane i Finnmark, og Berlevåg kommune til utvikling av strategisk bustadplan for Berlevåg, Båtsfjord, Nesseby og Tana.

Tilskot til bustadsosiale tiltak

Husbanken deler òg ut 14, 7 millionar kroner i tilskot til bustadsosiale tiltalt. Tilskota skal gå til utvikling av nye metodar, konsept og løysingar for bustadsosialt arbeid i heile landet. Tilskota blir delte ut til frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar.

Husbanken har teke imot 72 søknader om bustadsosialt tilskot. Av desse har Husbanken valt ut 31 prosjekt som får tilskot. Husbanken har prioritert prosjekt med stor overføringsverdi til andre satsingar.

Døme på prosjekt er Askøy kommune som skal auke bruken av startlån til tilpassing av bustad for eldre, Valdres næringshage som skal ha eit pilotprosjekt om energirapport for bustader, «Bo - og blilyst» i Balsfjord og Storfjord, samt Indre Østfold sitt prosjekt om val av tilbod og overgang til varig bustad for ungdommar i ettervern.

- Samla er det mange spanande prosjekt som får tilskot. Eg har stor tru på at slike prosjekt kan gi positive ringverknader, seier kommunal- og distriktsministeren.

Oversikt over prosjekt som får tilskot til bustadtilskot i distrikta

Søker

Tittel på prosjektet

Beløp

Andøy kommune

Andøy Boligbyggelag

650 000

Berlevåg kommune

Bygdevekstpilot Vestre Varanger - Utvikling av strategisk bustadplan for Berlevåg, Båtsfjord, Nesseby og Tana

700 000

Dovre kommune

Mikrobruk

750 000

Drangedal kommune

Aldersvennleg lokalsamfunn - Drangedal

1 200 000

Evenes kommune

Berekraftig bustadutvikling i Evenes kommune

1 330 000

Fjord kommune

Utviklingsprosjekt - Skape bulyst gjennom attraktive bustader

1 500 000

Folldal kommune

Forprosjekt/Fase 2 - gjenbruk av gamle institusjonsbygg - Verket skole, Folldal og Bergseth alders og sjukeheim, Rendalen

1 930 000

Fyresdal kommune

Århusjordet

950 000

Gjemnes kommune

Bustaddraumen Gjemnes

420 000

Hammerfest kommune

Felles saksbehandlingskontor for startlån for bygdevekstpilotane i Finnmark

600 000

Høylandet kommune

Lage rettleiar

750 000

Meråker kommune

Bustadutvikling i Meråker sentrum (Meråkertunet)

350 000

Overhalla kommune

Leigebustader ved Skage frivilligsentral

700 000

Rauma kommune

Moglegheitstudie - framtidig bruk av prestegardsbustaden på Åndalsnes

330 000

Rennebu kommune

Arena Rennebu

560 000

Røst kommune og Værøy kommune

Ein bustadmarknad i bevegelse?

1 900 000

Røyrvik kommune

Saman blir vi gode på bustad

700 000

Sjåk kommune

Bustad- og tilflyttarprosjektet «Sats på Skjåk " - FASE 2

1 000 000

Sør-Aurdal kommune

Fjellvik - forprosjekt

950 000

Tokke kommune

Frå prøvebu til integrert innbyggar

600 000

Træna kommune

Bo i Træna

800 000

Tydal kommune

Bustad for alle

1 200 000

Vågå kommune

Småhus i Kjøpangervegen 3

80 000

Øystre Slidre

Transformasjon og vidare bruk av institusjonslokala til Øystre Slidre sjukeheim - Ein moglegheitsstudie for å bidra til auka bustader i distriktskommunar

500 000

Ål kommune

Regionalt bu-pilotkontor i Hallingdal

550 000

Oversikt over prosjekt som får tilskot til bustadsosiale tiltak

Søker

Prosjekttittel

Beløp

Askøy kommune

Føre var - Prosjekt for å betre informasjon om, og auke bruk av, startlån til tilpassing av eksisterande bustader til eldre i Askøy kommune

670 000

Balsfjord næringsutvikling

Bo- og blilyst i Balsfjord og Storfjord

500 000

Bodø kommune

Ny by Bodø - Ein bydel for alle

600 000

Flekkefjord

Bupilot-kontor og utvikling av kurs for byggenæring og handverkarar

670 000

Flekkefjord

Frå leigetakar til eigar - eit inkluderings-, normaliserings- og kunnskapsprosjekt

360 000

Halden kommune

Trygt i hamn

320 000

Halden kommune

Ein bustad for alle

275000

Helseinn

Mobil visningsheim - Mobil læringsarena for tryggleiks- og meistringsteknologi

494 000

Inderøy kommune

Bustadsosialt utviklingsprosjekt fase 1

200 000

Indre Østfold kommune

Val av tilbod og overgang til varig bustad for ungdommar i ettervern - Sjølvstendig ung vaksen

650 000

Indre Østfold kommune

Kartlegging av auka kunnskap om leigemarknaden i Mysen sentrum

250 000

KBL

KBL - utvikle og spreie kunnskap og god praksis innan bustadpolitikk og bustadsosialt arbeid og vidareføre dette til kommunane i landet

250 000

Kongen sitt senter/ Boligsiftelsen eldres heim

Nye Kongens Senter - framtidas aktivitets- og bustadsenter for eldre og funksjonshemma i Kristiansand

500 000

Leigebuarforeininga

Samtalar om bustadpolitikk

300 000

NBBL

Nettverk bustadkjøpsmodellar

150 000

Norce

Nye buformer i eit generasjonsperspektiv

450 000

NTNU Samfunns-forsking

Why/Not in my backyard: Utprøving av verktøy for dialog i to kommunar

800 000

Ny bustadplan

Ny bustadplan #3

150 000

Oslo

Bumiljømodell i modulbygg

500 000

Oslo Met

Bustadkjøpsmodellane - tiltak i den heilskaplege bustadpolitikken i kommunane?

950 000

SAFO

Funksjonshemma sitt sjølvstende i eigen heim

160 000

Sarpsborg

Bustadkoordinator - Bustadkontora i framtida

1 100 000

Skaun kommune

Kompetanseutvikling sårbare overgangar (Redusere sårbare overgangar til ungdom med nedsett funksjonsevne

500 000

Steinkjer kommune

Stodtunet

400 000

Stiftelsen CRUX

Prosjekt Mellom-rom

521 000

Stiftelsen Kirkens Bymisjon Vestfold

Tønsberg - Ung i Bolig (gode heilskaplege bustadløysingar for unge 18-25 år) Fase 2 Iverksetting

700 000

Tøyen Boligbyggelag

Prosjektmoglegheiter for ideell sektor som utviklar og tilbydar av bustader

260 000

Tøyen Boligbyggelag

Bok om ein ideell tredje bustadsektor

140 000

UIT - master i landskapsarkitektur

Aldersvennlege lokalsamfunn - i eit vinterklima

400 000

Valdres Næringshage

Folkets Kraftløft

880 000

Ørsta kommune

Fleksibelt budstadkonsept til flyktningar

600 000

Her kan du lese Husbanken si nyheitsmelding om bustadtilskot i distrikta

Her kan du lese Husbanken si ny heitsmelding om tilskot til bustadsosiale tiltak.