Government of Norway

10/03/2024 | Press release | Distributed by Public on 10/03/2024 01:35

Landbruksdirektoratet gjev 2,77 millionar kroner til kommunale jordvernstrategiar i år – ein auke på nesten 1,8 millonar kroner

Nyheit | Dato: 03.10.2024| Landbruks- og matdepartementet

Landbruksdirekoratet gjev så mykje som 2,77 millionar kroner i tilskot til kommunale jordvernstrategiar i år. Summen er ein auke på om lag 1,8 millionar frå året før. Midlane går til 19 kommunar over heile landet.

Kommunane som får tilskot varierer i storleik og har ulike utfordringar. Nokre har stort utbyggingspress på dyrka jorda, mens andre opplever at jordbruksareal går ut av drift.

Målet med utarbeidinga av kommunale jordvernstrategiar er å gje eit overordna bilete av forholdet mellom utbygging og bevaring av jordbruksområde for å redusera omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord.

Kommunane som får tilskot i 2024:

Målselv, Troms

Tjeldsund, Troms

Brønnøy, Nordland

Narvik, Nordland

Evenes, Nordland

Høylandet, Trøndelag

Indre Fosen, Trøndelag

Malvik, Trøndelag

Volda, Møre og Romsdal

Voss, Vestland

Bergen, Vestland

Bjørnafjorden, Samnanger og Tysnes, Vestland

Gjesdal, Rogaland

Risør og Gjerstad, Agder

Enebakk, Akershus

Hamar, Innlandet