Government of Norway

08/23/2024 | Press release | Distributed by Public on 08/23/2024 06:06

Noregs delegasjon til FN sin generalforsamling 2024

Statsminister Jonas Gahr Støre leier Noregs delegasjon til den 79. generalforsamlinga i FN i New York.

Opninga av FN sin 79. generalforsamling (UNGA) blir markert med høgnivåveka frå måndag 23. september til fredag 27. september, der stats- og regjeringssjefar frå heile verda samlast i New York. Under høgnivåveka finn det stad ei rekkje topp- og høgnivåmøte om sentrale globale politiske spørsmål og utfordringar. Sentralt i år står «Summit of The Future» (22. og 23. september) - Framtidstoppmøtet - der målet er å styrkje internasjonalt samarbeid og finne ei ny global semje om korleis ein betre kan løyse felles utfordringar i framtida.

Frå Noreg deltek statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Espen Barth Eide, utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim og konstituert klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.

Tilreisande medium bør snarast, og innan torsdag 29. august, ta kontakt med den norske FN-delegasjonen for akkreditering (e-post).

Høgnivåmøtet blir sendt direkte på nettsidene til FN, og media kan få tilgang til foto og video. Sjå meir informasjon på FN sin nettside media Accreditation & Liaison Unit.

Statsministeren: Ingrid Brandal Myklebust, [email protected] telefon: +47 99 50 19 17

Utanriksministeren: Tuva Bogsnes, [email protected] telefon: +47 93 23 18 83

Utviklingsministeren: Mariken Bruusgaard Harbitz, [email protected], telefon: +47 99 09 35 38

Konstituert klima og miljøminister: Martine Røiseland, [email protected], telefon +47 97 05 50 24.

FN-delegasjonen i New York: Narve Solheim, [email protected], telefon: +1 716 465 2567