Ministry of Foreign Affairs of the Kingdom of Norway

09/21/2023 | Press release | Distributed by Public on 09/21/2023 00:56

Utanriksminister Huitfeldt leidde møte i givarlandsgruppa for Palestina (AHLC)

Utanriksminister Anniken Huitfeldt leidd 20. september givarlandsmøtet for Palestina (AHLC- Ad hoc Liaison Committee) i FNs hovudkvarter i New York.

- 30 år etter den første Oslo-avtalen er målet om ein sjølvstendig palestinsk stat lenger unna enn på mange år. På møtet i givarlandsgruppa for Palestina diskuterte vi korleis vi best kan halde fram støtta til palestinsk statsbygging og kva vi kan gjere for å snu den negative utviklinga mot ei tostatsløysing. Eg uttrykte ei klar forventning om at israelske og palestinske styresmakter, og givarane gjer sitt for å snu den negative utviklinga, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

På møtet understreka utanriksministeren òg at dei palestinske institusjonane må styrkjast. Ho oppmoda givarane til å auke støtta til palestinske styresmakter og reformarbeidet. Palestinske styresmakter må gjennomføre nødvendige reformer. Palestinske og israelske styresmakter må leggje til rette for val i Gaza og på Vestbreidda, inkludert i Aust-Jerusalem.

Situasjonen i Palestina blir stadig meir utfordrande. Tryggingssituasjonen er forverra. Okkupasjonen held fram. Den palestinske økonomien har små høve til å vekse.

- Ei tostatsløysing held fram med å vere den beste måten å oppnå fred og tryggleik på for både palestinarar og israelarar, men tida er i ferd med å renne ut for ei slik løysing. Israelarane og palestinarane må ta konkrete steg som legg til rette for ei fredeleg løysing. Økonomisk støtte er nødvendig, men langt frå tilstrekkeleg. Dei politiske kontaktane mellom Israel og Palestina må leie til nye forhandlingar om ein fredsavtale, seier Huitfeldt.

På møtet i New York deltok statsminister Mohammad Shtayyeh og finansminister Shukri Bishara frå palestinsk side, Amir Weissbrod frå israelsk UD, EUs utanrikssjef Josep Borrell, Egypts utanriksminister Sameh Shoukry, Jordans utanriksminister Ayman Safadi, Sveriges utanriksminister Tobias Billström, FNs spesialkoordinator for Midtausten, Tor Wennesland og representantar frå andre medlemsland i AHLC, Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet, IMF.

Givarlandsgruppa for Palestina blei etablert i 1993 etter den første Oslo-avtalen. Gruppa har som mål å leggje eit institusjonelt og økonomisk grunnlag for palestinsk sjølvråderett og ein palestinsk stat innanfor ei framforhandla tostatsløysing.