Supervision of the financial market

08/13/2024 | Press release | Distributed by Public on 08/13/2024 07:10

Høyring frå EBA: Utfyllande reglar til kapitalkravsforordninga (CRR) om felles beslutningsprosess for søknader om bruk av interne modellar for kapitaldekningsformål

Høyring frå EBA: Utfyllande reglar til kapitalkravsforordninga (CRR) om felles beslutningsprosess for søknader om bruk av interne modellar for kapitaldekningsformål

Høringer

Publisert: 13. august 2024

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 16. juli 2024 ei høyring om endring av teknisk standard om felles beslutningsprosess for søknader om bruk av interne modellar for kapitaldekningsformål. Dei utfyllande reglane gjeld for bankar m.fl. Høyringsfristen er 16. oktober 2024.

CRR-artikkel 20 nr. 1 bokstav a regulerer samarbeid mellom tilsynsmyndigheiter ved søknader om bruk av interne modellar for kapitaldekningsformål. Utfyllande reglar til føresegna gitt i EU-kommisjonen si gjennomføringsforordning (EU) 2016/100, angir den felles beslutningsprosessen som skal leggast til grunn for søknader om løyve til bruk av interne modellar for kapitaldekningsformål. Forordninga er gjennomført i CRR/CRD IV-forskrifta § 2 andre ledd nr. 4. Den reviderte kapitalkravsforordninga (forordning (EU) 2024/1623, «CRR3») medfører at det er nødvendig å endre dei utfyllande reglane. Høyringsdokumentet omhandlar EBA sitt forslag til endring av gjennomføringsforordning 2016/100.

Endeleg forslag vil bli utarbeidd etter høyringa og blir deretter sendt til EU-kommisjonen.
Når reglane blir tekne inn i EØS-avtalen, reknar Finanstilsynet med at dei vil bli gjennomførte i norsk rett ved inkorporasjon i § 2 andre ledd i CRR/CRD IV-forskrifta. Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ei ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 16. oktober 2024.

EBA arrangerer ei offentleg høyring via ein telefonkonferanse 18. september 2024, kl. 14.00.

Meir informasjon om høyringa og høyringsnotatet på nettstaden til EBA:

Pressemelding frå Finansdepartementet: