11/29/2024 | Press release | Distributed by Public on 11/29/2024 08:06
Statsminister Jonas Gahr Støre møter fredsprisvinnarane frå den japanske rørsla Nihon Hidankyo onsdag 11. desember. Følg pressekonferansen her om lag kl. 10.15.
Kl. 09.40: Statsministeren møter fredsprisvinnarane Terumi Tanaka, Shigemitsu Tanaka og Toshiyuki Mimaki frå Nihon Hidankyo til samtale i regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Ein fotopool kan vere til stades ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB og NRK TV. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2, seinast kl. 09.00
Om lag kl. 10.15 vil statsminister Jonas Gahr Støre og fredsprisvinnarane frå Nihon Hidankyo møte pressa. Oppmøte i Riddervoldsgate 2, seinast kl. 09.00.
Pressemøtet vert halde på engelsk og japansk, med simultan oversetjing til engelsk.
Presse som ønskjer å vere til stades på pressekonferansen må melde seg på til [email protected] innan måndag 9. desember kl. 12.00. Alle må ha med gyldig pressekort og ID. Ved stor pågang, vil ikkje alle kunne få plass.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post [email protected].
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. Media som ønskjer å sende pressekonferansen direkte kan kontakte DSS for publiseringspunkt på telefon 22 24 88 45 eller e-post [email protected].
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.