Ministry of Foreign Affairs of the Kingdom of Norway

09/06/2024 | Press release | Distributed by Public on 09/06/2024 01:09

Dronninga til opning av utstilling i Stockholm

Hennar Majestet Dronning Sonja vil, saman med Hennar Majestet Dronning Silvia av Sverige, vere til stades ved opninga av utstillinga «Draum og verkelegheit» den 20. september i Stockholm. Utstillinga finn stad på Prins Eugens Waldemarsudde og presenterer verk av den norske kunstnaren Lars Hertervig og den svenske kunstnaren Carl Fredrik Hill.

Utstillinga består av 100 verk, inkludert teikningar og måleri. Sjølv om Lars Hertervig (1830-1902) og Carl Fredrik Hill (1849-1911) var unike kunstnarar frå ulike generasjonar, finst det mange likskapar i livshistoria deira og den kunstnariske utviklinga.

Utstillinga blir vist på Prins Eugens Waldemarsudde frå 21. september til 2024 til 26. januar 2025, og vil deretter bli vist på Stavanger kunstmuseum frå 22. februar til 18. mai 2025. Utstillinga er eit samarbeid mellom dei to musea og Nordic Institute of Art.

Pressekontakt ved den norske ambassaden i Stockholm:

Nina Katarina Piroth, e-post: [email protected], mobil: +46 70 653 52 26

Pressekontakt ved Det kongelege hoff:

Sara Svanemyr, e-post: [email protected], mobil: 95 25 80 40