Ministry of Foreign Affairs of the Kingdom of Norway

11/01/2024 | Press release | Distributed by Public on 11/01/2024 07:08

Presseinformasjon: Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 45

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 45, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 4. november

13.00: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med colombianske utanriksministeren, Luis Gilberto Murillo Urrutia. Dei skal òg delta på ein panelsamtale i høve fredsavtalen i Colombia ved Nobels fredssenter.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 5. november

10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide innleiar på det halvårlege konsernleiarmøtet i NHO. Stad: Næringslivets hus, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

15.30: Utanriksminister Espen Barth Eide held innlegg på cybersikkerheitskonferansen «Attack 2024».

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 7. november

10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er i Stortinget for å gje ei munnleg utgreiing om EU og EØS. Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

13.30: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek i ein samtale på Spekterkonferansen om utanrikspolitikk.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

15.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek i ein panelsamtale om skattekonvensjon i FN, arrangert av Kirkens Nødhjelp og Changemaker.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 8. november

10.00: Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på eit seminar hos NUPI om G20. Stad: Sentralen, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Måndag 4. november

Kl. 08.30: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på Røde Kors si lansering av ekspertutvalget om global helse. Stad: Sentralen, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.15: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim møter Colombia sin utanriksminister Luis Gilberto Murillo. Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 14.30: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim møter demonstrantar mot krigen i Sudan på 7. juni plassen utanfor Utanriksdepartementet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 17.15: Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim deltek på Skift si 10-årsmarkering. Stad: Klimahuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Måndag 4. november

Kl. 16.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med FN sin spesialrapportør for trusfridom, Nazila Ghanea. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 7. november

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på konferansen «World Democracy Forum» i Strasbourg. Stad: Strasbourg.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 7. november

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik skal ha eit møte med Noregs kontaktpunkt for ansvarleg næringsliv. Sted: UD, Oslo.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Onsdag 6. november

Kl. 09.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held eit innlegg under Norad si lansering av «Evaluering av tverrgående hensyn i norsk utviklingssamarbeid». Stad: Norad, Bygdøy allé, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 7. november

Kl. 10.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær opnar og deltek i ein paneldebatt i samband med lanseringa av «State of the World Population", den årlege rapporten til FN sitt befolkningsfond (UNFPA) . Stad: NTNU, Trondheim.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.